Last ned appen!
Bilde for arrangement Psst!
Konsert

Psst!

Tou Scene, Stavanger

Om arrangementet

Knallgøy konsertforestilling for store og små! Knasande gulerøtter, tørketrommelen i kjelleren og digre anleggsmaskiner - kvardagslydar skapast om til ei heilt spesiell musikkforestilling som fengslar heile familien. Psst! følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Det startar som ein heilt vanleg dag. Etter kvart som timane går, vert skillet mellom verkelegheit og fantasi utydeleg. Vi blir dratt inn i ein trans-galaktisk stjernekrig, møter ein kval som har forvilla seg inn på eit oversvømt bad, og får bli med på togtur gjennom det ville vesten. Kvardagslege ting som å ete frokost og å sjå barne-TV, vert gjort om til musikalske begivenheiter. Musikken, i samspel levende illustrasjonene vist på lerret bak på scena, hjelper oss med å sjå alt det spennande og fantastisk rare som skjuler seg bak ein tilsynelatande grå kvardag. Målgruppe: 3-10 år NB! Forestillingen er en del av programmet til Alt for barna. Gratis inngang, man trenger ingen billett.

Lokasjon

Adresse: Lervigsveien 22, 4014 Stavanger