Tilbake
Bilde for arrangement Gorrlaus
Konsert

Gorrlaus

Tou Scene, Stavanger
100 - 180 NOK

Om arrangementet

Laurdag 23. mai Stad - Tou loftet Dørene opnar: 1830 Start: 1900 Tone Hulbækmo: harpe Hans Fredrik Jacobsen: seljefløyte Olav Christer Rossebø: dansespel på hardingfele, fløyte og langeleik. Det er ei glede å få besøk av to fantastiske personar, som både er ektefeller og musikalske kollegaer. Dei har formidla musikk og tradisjon for store og små i fleire ti år, både saman og kvar for seg. Tone Hulbækmo, frå Tolga i Østerdalen, er multiinstrumentalist med ein eklektisk musikalsk palett. Ho er kvedar og spelar både harpe, lyre og orgel. Frå europeisk middelalder- og renessansemusikk til norsk folkemusikk til melodier og viser for barn, som ikkje er fastbunde av nokon bestemt sjanger anna enn den kraftfulle entusiasmen og formidlingsvilja som alt spring ut i frå. Spesielt relevant for i kveld, er det å trekka fram den norske harpa. Dette er ein tradisjon som forsvann for meir enn 200 år sidan. Saman med Sverre Jensen, har Hulbækmo blåst liv i denne tradisjonen igjen. I fjor kom "Harpedåm" ut på Heilo Records. Plata inneheld utelukkande musikk spelt på den norske harpa, og det er dette det skal dreie seg om i kveld. Hans Fredrik Jacobsen er ikkje mindre multiinstrumentalist og trakterer forskjellige fløyter, gitar, torader og saksofon. Han har medvirka som gjestemusiker og solist på drøyt 100 utgjevingar og samarbeida med alt frå Sissel Kyrkjebø til Erik Bye. Han står og veldig greitt på eigne bein, og det er kanskje fleire i Stavanger som kan hugsa ein smått legendarisk konsert i botaniske hage ein junidag i 2022. Det var altså Hans Fredrik Jacobsen som spelte på ekta seljefløyter. Konserten i kveld kjem og til å ha hovedfokus på nettopp seljefløyta. Men sjølv om det er "det tradisjonelle solo spelet som står i fokus i kveld og me sit på kver okka stol og spelar i kver vår verd osb", kan det vera fare for samspel og. " For nokre framsteg må me jo kunna unne okker..." Etterpå blir det ope dansegulv med spelemannen hvis namn skrives Olav Christer Rossebø, men uttales lokalt "Laffen". Rogalandsmusikk på fløyte, langeleik og hardingfele. Stavanger folkemusikklag er nok ikkje langt unna dei heller. Fuglen arrangerer dansekurs på dagtid.

Lokasjon

Adresse: Lervigsveien 22, 4014 Stavanger

Installer på mobil
For iOS-brukere

For å installere appen på iPhone eller iPad:

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Gå til øvre høyre hjørne (Chrome) eller bunnen (Safari) av nettleseren og trykk på delingsikonet ().
  3. I menyen som vises, bla ned og trykk på 'Legg til på Hjem-skjerm'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.
For Android-brukere

For å installere appen på enheten din (Chrome, Firefox eller Microsoft Edge):

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Trykk på nettleserens menyikon:
    • I Chrome eller Firefox: Trykk på de tre vertikale prikkene () i øvre høyre hjørne.
    • I Microsoft Edge: Trykk på menyikonet () i nedre høyre hjørne.
  3. I menyen som vises, finn og trykk på installasjonsalternativet:
    • I Chrome eller Firefox: Velg 'Legg til på startsiden' eller 'Legg til på startskjermen'.
    • I Microsoft Edge: Velg 'Legg til på telefon'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.