VINTERENS STORE DANSEFEST
"Konsert" på Riksscenen
Beskrivelse
Ta på deg danseskoa du fekk til jul og slit dei ut på Riksscenen! Det store dansegolvet er nybona og det blir gammaldans og pols heile kvelden. Madam Jam Madam Jam har med sin banebrytande runddansmusikk blitt ein favoritt for dei som elskar å danse. Dei sju folkemusikarane utforskar nye måtar å instrumentere og arrangere gammaldansen på. Med sin smittande speleglede og sine spraglande klede skapar dei alltid god stemning. Her får du svingande reinlendarar, smektande valsar, dansande bassgangar og polka med banjo. Steinar Odde – banjo, elgitar Pål Bratås–durspel, trekkspel Øyvind Sandum–durspel, trekkspel Gro Visdal–kontrabass Bjørn Kåre Odde–fele, bratsj Geir Byre–gitar Kristen Bratås,piano Østerdølenes Spellmannslag Østerdølenes er eit av landets aller beste spellmannslag og spelar polser, polsdanser og springleiker i tillegg til feiande flott runddansmusikk. Repertoaret er henta frå Østerdalen og Hedmark laget vert leia av Marit Westling. Haltli/Vårdal/Amper Haltli/Vårdal/Amper er ein kruttsterk trio som spelar musikk frå grensetraktene mellom Noreg og Sverige. Emilia Amper med nyckelharpa, Frode Haltli med akkordeon og Vegar Vårdal med felene sine lovar spretne polsdansar og suggererande polskaer frå belg og streng Buss for Tog Buss for Tog stiller som vanleg når det er duka for dansefest på Riksscenen. Det er dei gamle kuratorane for dansefestane som gøymer under konduktørluene, og i beste VY-stil, skal dei halde seg gamaldanssporet utan for mange signalfeil, avsporingar og forseinkingar. Inge Gjevre - torader Andreas Ljones - fele Asgaut Bakken - gitar Dansefesten er ein del av folkedansfestivalen DANS, DANS, DANS Tags: riksscenen
Lokasjon
Adresse: Trondheimsveien 2T, 0560, 0506, 0552 Oslo