Last ned appen!
Bilde for arrangement Taus
Konsert

Taus

Riksscenen, Oslo
310 - 410 NOK

Om arrangementet

Den største hemmelegheita skulle vere den best bevarte. Men inni ropar noko som vil ut. Noko som har vore stengt inne altfor lenge. Når det først brest, slepper det fram: monster, brennande fuglar, hyl, sinne – ein kakofoni av stemmer. Fasaden er i oppløysing. Sprekkane slår djupt. Så står dei der. Ser på kvarandre. Ser inn i kvarandre. Er kvarandre. Er det deg eg har leita etter? I Taus får publikum tre inn i eit indre arbeid i rørsle. På leiting etter ein måte å leve vidare, opnar det seg rom der det som ein gong vart stengt inne, får sleppe fram. Ein får bli med inn i dei inste avkrokane, der det blir kasta lys over det som ikkje får ord, men som likevel finst. Taus er ei framsyning om det som ikkje let seg seie, men som likevel formar eit menneske. Av det som lever vidare i kroppen og av det som kan tre fram når noko får sleppe til. Idé, tekst og medskapande utøvar: Brigitte Blomlie Regi og koreografi: Silje Onstad Hålien Dramaturgi, tekst og lysdesign: Yasin Gyltepe Komponist og utøvar: Thomas Eriksson Medskapande utøvarar: Silje Risdal Liahagen, Sondre Meisfjord Kostyme og Scenografi: Martin Skogli og Marita Solhjell Ølander Illustrasjonsteikning: Andreas Ljones Kunstnarleg produsent: Rannveig Øygardslia Produsert av Mamelukk med Førdefestivalen, Riksscenen og Sprang som co-produsentar, Støtta av: Kulturdirektoratet, Fritt Ord, Valdresmusea Tags: riksscenen

Lokasjon

Adresse: Trondheimsveien 2T, 0560, 0506, 0552 Oslo