Last ned appen!
Bilde for arrangement SUSANNE LUNDENG POLSDANS PÅ 100 MINUTTER
Konsert

SUSANNE LUNDENG POLSDANS PÅ 100 MINUTTER

Riksscenen, Oslo
100 - 150 NOK

Om arrangementet

Polsdansen i nord har fått sin renessanse om lag 100 år etter at han nesten gjekk ut av bruk. Alle mannfolk som kunne krype og gå langs kysten, møttest kvar vinter på lofotfiske. Dette vart óg den viktigaste møteplassen for å fiske opp nye slåttar og få nye musikalske impulsar. Med Susanne som los får vi høyre dei raske, skeive og mangfaldige polsdansane langs leia frå Helgeland til Troms. Reiskapane er fela, kjeften og gamle opptak, med eit frodig biletgalleri i kvileskjera. Susanne Lundeng er felespelar og komponist og har sidan si første utgjeving «Havella» i 1991 vore rekna som ein av dei fremste formidlarane av folkemusikk i Noreg. Tags: riksscenen

Lokasjon

Adresse: Trondheimsveien 2T, 0560, 0506, 0552 Oslo