Hundrevis av barn i vill kamp
"Teater/Musikal" på Riksteateret
Beskrivelse
«Hundrevis av barn i vill kamp» er ein fargesprakande berg-og-dal-bane gjennom barns leik og draumar. Ei engasjerande og morosam teateroppleving, der barna sin fantasi får styre – og dei store spørsmåla i livet blir ein del av leiken. Vi møter ein gut som nettopp har mista bestefaren sin. Sorga tar han med på ei fantasireise til havets botn, der draum og verkelegheit, sorg og minner smeltar saman og hundrevis av barn kjempar i ein vill kamp. Og mens alt dette utspelar seg, står ein dinosaur utanfor vindauget hans. Eller er det berre tankane som løper løpsk? Et stykke som tar leiken på alvorNRK «Hundrevis av barn i vill kamp» er teater sett gjennom barnet sine auge. Stykket set ord på mange av dei store spørsmåla barn stiller vaksne. Kanskje blir det lettare for dei å dele tankane sine etter å ha sett framsyninga? Passar for barn frå 5 år.
Lokasjon
Adresse: Gullhaug Torg 2b, 0484 Oslo