Last ned appen!
Bilde for arrangement HØSTENS STORE DANSEFEST
Konsert

HØSTENS STORE DANSEFEST

Riksscenen, Oslo
210 - 310 NOK

Om arrangementet

Denne gongen har vi har slått på stortromma og fått dei beste polsspelarane sørover frå Brekken. Småviltlaget og Brekken Spellmannslag er kveldens hovudorkester og i tillegg blir det gjensyn av fleire av dei andre festivalenmusikarane. Småviltlaget Småviltlaget har i over 30 år vore ein polsfavoritt i folkemusikk-Noreg . Dei har gjeve ut tre CD’ar, har vunne Landsfestivalen i Gammaldans to gonger, dei vann Kappspell i 1999 og vann til og med kongepokal under Titanofestivalen i 2002. Det er Rørospolsen som er Småviltlaget sitt varemerke, men dei spelar og drivande god runddans. Brekken Spellmannslag Ein heil buss med felespelarar kjem til Oslo frå Brekken. Med seg har dei dei råaste polsane frå tradisjon frå Aursunden og Brekken. Brekken Spellmannslag er viden kjent for sitt gode dansespel, så her blir det trongt på dansegolvet. Ingvild Blæsterdalen Ingvild Blæsterdalen er oppvokst på Røros og spelar drivande pols frå det rike polsrepertoaret frå Bergstaden. På OsloP har ho vore med på Cirkumfrekvensen og halde inspirasjonskurs for dei yngste felespelarane. Ingrid Storlimo Ingrid Storlimo er frå Budalen, sør i Trøndelag, og trallar danseslåttar frå Gauldalen og omegn. Før på dagen varmar ho opp dansarar og andre med Styggvisekurs i foajeen. Alf Hulbækmo Alf Hulbækmo frå Tolga spelar pols til dans på piano. Alf er komponist og hovedmusikar på forestillinga Cirkumfrekvensen på fredagskvelden. Gudbrandsdølenes Spelemannslag Gudbrandsdølenes livnar opp dansegolvet med eit utval av dei beste springleikane frå den fagre dalen sørvest for Røros. Buss for tog Riksscena sitt eige husband, med Inge Gjevre på toradart i spissen, stiller denne kvelden med stjernebassist Kjetil Sandum som ekstra hjul på vogna. Tags: riksscenen

Lokasjon

Adresse: Trondheimsveien 2T, 0560, 0506, 0552 Oslo