Det vil bli gjort TV-opptak av NRK under arrangementet. Publikum kan bli filmet.
I meir enn to år har
Hildegunn & Leif-Per Moltubakk
turnert land og strand UTAN Kringkastingsorkestret. Slik måtte det nesten bli, etter at Kringkastingsorkestret (KORK) aldri svara på dei 34 e-postane Hildegunn sende – med forslag til både program og koreografi – og påfølgjande spådd suksess, for husmora frå Sunnmøre er småsynsk, må vite.
Men no har KORK endeleg snudd og er på friarføter, for plutseleg er dei gode nok: Ulsteinviks Grand Dame med 60 prosent stilling på Cubus og attåtnæring som spirituell coach – og drosjesjåføren som er Sunnmøres 14. beste gitarist.
Fredag 9. og laurdag 10. april 2027 inviterer Kringkastingsorkestret og den eksentriske humorduoen til ein heilaftan med musikk som både inspirerer, rører og vekkjer minner. På programmet står mellom anna bossanova, herlege jazzperler, country og nasjonalromantikk – og Herborg Kråkevik er invitert på kaffi, må vite. Akkurat denne delen skal gjennomførast med minst mogleg dramatikk, for spørsmålet har hengt i lufta i årevis: Kven er eigentleg den største divaen i underhaldningsbransjen – Herborg Kråkevik eller Hildegunn Moltubakk?
Dirigent: Torodd Wigum
Aldergrense 6 år