Gro Marie Svidal: Førespel
"Konsert" på Riksscenen
Beskrivelse
Førespela er som signaturar, opne for det personlege, opne for det individuelle. Tradisjon er reglar, noko som er felles, som alle kan kjenner att. Kvar går grensa for det som er innanfor og det som er utanfor? Kor mykje av det personlege får kome fram i spelet? Førespel er ei intim soloførestilling, eit møte mellom ein utøvar, eit instrument og ein tradisjon. Den set lys på spelerommet i tradisjonen, utøvaren sin lojalitet til eit miljø, skaparkrafta, tvilen og vala. Den løftar førespela som knyter band mellom utøvar og instrument, mellom notid og fortid vidare inn i framtida. På scena: Gro Marie Svidal Manus og musikk: Gro Marie Svidal Regi og dramaturgi: Ingrid Askvik Scenografi og lysdesign: Matias Askvik Førespel var tingingsverk til Osafestivalen 2025, og produsert i samarbeid mellom Gro Marie Svidal og Osafestivalen. Produksjonen er støtta av Norsk kulturråd, Vestland Fylkeskommune og Fritt Ord. Tags: riksscenen
Lokasjon
Adresse: Trondheimsveien 2T, 0560, 0506, 0552 Oslo