Last ned appen!
Bilde for arrangement Galdre på kammerset
Konsert

Galdre på kammerset

Sentralen, Oslo
115 - 225 NOK

Om arrangementet

Galdre er ein sinfonietta med 14 musikarar, og på denne matinékonserten får publikum oppleva ensemblet i eit meir intimt og fleirfaldig format. Gjennom kammarmusikk i mindre besetningar viser ensemblet både breidda i uttrykket sitt og fleksibiliteten som ligg i samspelsforma. Programmet spenn i frå energisk og elegant fransk kammermusikk til ny norsk samtidsmusikk, og byr på både kjende namn og nye stemmer. På konserten står mellom anna Francis Poulenc sin sekstett for piano og treblåskvintett og trio for trompet, horn og trombone på programmet, saman med 2. sats frå Torstein Aagaard-Nilsen sin trombonekonsert for trombone og skarptromme. Kvelden blir òg ei særleg høve til å oppleve urframføringa av Torbjørn Haaland sitt verk Curves and Points for bassklarinett og slagverk. Dette blir ein konsert med stor variasjon i klang, uttrykk og besetning – tett på musikarane, tett på musikken. Foto: Van3ssa_, Pixabay Arrangør: Galdre

Lokasjon

Adresse: Øvre Slottsgate 3, 0157 Oslo