Falle til ro – ein julekonsert med Eva Weel Skram
Dei siste åra har Eva Weel Skram skapt ein kjærkomen juletradisjon med sine stemningsfulle julekonsertar. Med ei varm blanding av eigne låtar og kjende julefavorittar inviterer ho publikum inn i eit musikalsk univers der både tradisjon og nyare juletonar får skinne.
Det er snart ti år sidan Eva gav ut sin første julelåt, og sidan den gong har fleire av songane hennar funne vegen inn i den moderne norske julekanonen. «Selmas Sang», temalåten frå NRK-serien Snøfall, vart raskt ein publikumsfavoritt. Seinare kom «Falle til ro», skriven til Netflix-serien Hjem til jul, som også har festa seg som ein ny juleklassikar.
Eva har òg markert seg som ein framifrå tolkar av andre sine låtar. I hennar henderfår songar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm» nytt liv. JuleklassikarenHave Yourself a Merry Little Christmas har dessutan fått norsk drakt som «Tid medmjuke pakkar», med ny tekst av Trygve Skaug.
Saman med sine musikalske kumpanar skapar Eva Weel Skram ei varm og nærjuleoppleving – fylt av smittande humør, vakre melodiar og ekte julestemning.
Velkommen til julekonsert.
Arrangementet har ingen aldersgrense - alle i publikum må løse inn billett
No age limit