Tilbake
Bilde for arrangement Vi er brødrene Eikemo
Teater/Musikal

Vi er brødrene Eikemo

Det Vestnorske Teateret, Bergen
500 NOK

Om arrangementet

Vi er brødrene Eikemo Marit Eikemo sin bestseljar blir teater! Ei vestnorsk historie om familie, arbeid og samhald Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp. Marit Eikemo kjem heim for å rydde. Huset skal seljast. Men korleis ryddar ein i eit heilt liv? Og kva gjer ein med alle historiene, alle tinga, alle minna? Kven bestemmer kva som er verdt å ta vare på? Energisk familiekrønike Vi er brødrene Eikemo er ei energisk framsyning om fem brør, ein familie, arbeid, oppvekst og eit land i endring. Med dei fem eksentriske brørne som omdreiingspunkt, følgjer vi Odda frå etterkrigstid og industri, via sjølvbyggarånd og oppfinnartrang, til dagens glitrande bygdemytologi - og Lothepus si stavkyrkje. Her finst historier om bilar bygde utan teikningar, eigenkonstruerte båtar på ti tonn, ei improvisert “køyreopplæring” der læraren klatrar opp på biltaket i fart (!) – og bak alt: Skuggen frå faren deira, som døydde brått og etterlét fem barn mellom fire og fjorten år. Her møter du ekte vestlandsgalskap og eit hjarte som bankar for familien, for arbeidet – og for Odda. Tre kvinner Tre kvinnelege skodespelarar speler eit heilt nabolag fullt av karakterar: Brør, koner, ungar, onklar og vennar. Med varme og humor fortel dei historia om dei som bygde landet – og om oss som arva draumane deira. Bak latteren og dei gode forteljingane ligg spørsmålet vi alle kjenner: Kva er verdt å ta vare på – og kva må vi sleppe tak i? Om romanen Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo kom ut i 2024, og fekk terningkast 6 i VG og vart omtalt som «Ei lita bok, men eit storslått lerret av ei forteljing frå Norges industristadshistorie.» Urpremiere No får romanen nytt liv på scenen – dramatisert for teater av teatersjef Thomas Bye. Ei forteljing om alt det som går tapt – og alt det som held oss saman. Urpremieren finn stad: Torsdag 3. september kl. 19:00 på Det Vestnorske Teateret. Kunstnarleg lag Av Marit Eikemo Dramatisert av Thomas Bye. Med: 3 kvinner – namna kjem seinare! Produksjon: Det Vestnorske Teateret Ei framsyning full av latter, liv og kjensler – sikre deg plass med Scenepass 365.

Lokasjon

Adresse: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen

Installer på mobil
For iOS-brukere

For å installere appen på iPhone eller iPad:

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Gå til øvre høyre hjørne (Chrome) eller bunnen (Safari) av nettleseren og trykk på delingsikonet ().
  3. I menyen som vises, bla ned og trykk på 'Legg til på Hjem-skjerm'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.
For Android-brukere

For å installere appen på enheten din (Chrome, Firefox eller Microsoft Edge):

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Trykk på nettleserens menyikon:
    • I Chrome eller Firefox: Trykk på de tre vertikale prikkene () i øvre høyre hjørne.
    • I Microsoft Edge: Trykk på menyikonet () i nedre høyre hjørne.
  3. I menyen som vises, finn og trykk på installasjonsalternativet:
    • I Chrome eller Firefox: Velg 'Legg til på startsiden' eller 'Legg til på startskjermen'.
    • I Microsoft Edge: Velg 'Legg til på telefon'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.