Mordet på Michelsen
"Teater/Musikal" på Gamlehaugen
Beskrivelse
Stykket, som er skriven av Gunnar Staalesen, vart ein suksess i fjor. I løpet av speleperioden hadde framsyninga over 3300 besøkande, fordelt på 72 fulle framsyningar i den flotte hallen på Gamlehaugen i Bergen. Teatersjef Thomas Bye ved DVT, som står for både dramatisering og regi, meiner responsen frå publikum gjorde ein ny speleperiode opplagd. – Med tanke på kor stor publikumssuksess framsyninga blei, var det heilt naturleg å setje ho opp igjen i 2026. Det Vestnorske Teateret ser fram til å spele på Gamlehaugen igjen, i eit av dei mest spektakulære og unike husa i Noreg. Det er ei gåve at Statsbygg tek så godt vare på bygget – og at dei opnar det for ulike kulturarrangement, seier Bye. Han meiner kombinasjonen av krim og historiske referansar var ein av nøklane til suksessen. – «Mordet på Michelsen» er ein leiken inngang til både Michelsen sitt liv og norsk historie. Eg trur publikum fann det forfriskande at dei historiske hendingane blei ramma inn av ei kriminalforteljing; ein leik med historiske fakta. Drifts- og formidlingsleiar Tor Christiansen i Statsbygg uttalar: – Vi er glade for at Det Vestnorske Teatret kjem tilbake til Gamlehaugen neste år. Framsyninga «Mordet på Michelsen» gjekk for fulle hus og medverka til å auka interessa for bygningen, Christian Michelsen og Noregs sjølvstende. Vi hadde over 10.000 besøkande sommaren 2025, noko som er rekord, fortel drifts- og formidlingsleiar Tor Christiansen, Statsbygg. Dei to skodespelarane frå 2025- oppsetjinga, Anders Vårdal Gjerde og Sigmund Njøs Hovind , skal spele også i 2026. Duoen spelar ti roller i ei framsyning som blandar historisk stoff, leik og underhaldning.
Lokasjon
Adresse: Gamlehaugvegen 10, 5230 Paradis