Tilbake
Bilde for arrangement Eikemos leseselskap
Annet

Eikemos leseselskap

Det Vestnorske Teateret, Bergen
250 NOK

Om arrangementet

Eikemos leseselskap Eikemos leseselskap #1 Om vennskap Velkommen til Eikemos første Leseselskap , eit nytt fellesskap for litteraturinteresserte med forfattargjester, klassikarsamtalar, musikk og opplesingar og mykje meir. Forfattar Marit Eikemo er vertskap og kurator, den litteraturinteresserte multiintrumentalisten Annlaug Børsheim er husband og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog. Tema for det første leseselskapet er vennskap , og vi gler oss til å snakke med forfattar Hilde Kvalvaag , som er aktuell med den kommande romanen Kvinner som går , om vennskapets sterke og kompliserte plass i kvinners liv. Det handlar om tre kvinner som går frå sørkysten av England til nordenden av Skottland, med årlege etappar over tjue år. Vi følgjer dei gjennom kriser i kjærleiksrelasjonar, med barna og med kvarandre. Ei har eit barn som blir psykisk sjukt, ei forelskar seg i ein ny mann, ei har ein utru mann.Medan dei går tenker og snakkar dei, og kjem til innsikter som påverkar livet. Har ein det eigentleg bra? Kor fri er ein? Bør ein gå frå partnaren? Lever ein eit autentisk liv? Hilde Kvalvaag har skrive ein roman om korleis kvinner forheld seg til venninner, barn og menn, om lengsler og fridomstrong - og om gleda i det å gå. I løpet av kvelden snakkar vi også - med psykologisk innsikt og litterær teft: Kvifor er vennskap så godt litterært stoff? Og korleis har forfattarar gjennom ulike tider skrive om gode, dårlege og kompliserte vennskap? Anbefalt, men på ingen måte påkrevd, vennskapslitteratur: Don Quijote av Miguel de Cervantes Isslottet av Tajei Vesaas Mi Briljante venninne av Elena Ferrante -Og som i eit kvart godt selskap blir det overraskingar, glupe samtalar og høg stemning. Bli medlem i Eikemos leseselskap og få nyhetsbrev og rabatterte billettar til arrangementa. Det er planlagt 4 arrangement i 2026, med det første 6. mai. Medlemspris kr 120 Ordinær pris kr 250 Medlemskap teiknar du her ! Eg gler meg til løfterike samtalar i godt selskap Beste helsing Marit

Lokasjon

Adresse: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen

Installer på mobil
For iOS-brukere

For å installere appen på iPhone eller iPad:

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Gå til øvre høyre hjørne (Chrome) eller bunnen (Safari) av nettleseren og trykk på delingsikonet ().
  3. I menyen som vises, bla ned og trykk på 'Legg til på Hjem-skjerm'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.
For Android-brukere

For å installere appen på enheten din (Chrome, Firefox eller Microsoft Edge):

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Trykk på nettleserens menyikon:
    • I Chrome eller Firefox: Trykk på de tre vertikale prikkene () i øvre høyre hjørne.
    • I Microsoft Edge: Trykk på menyikonet () i nedre høyre hjørne.
  3. I menyen som vises, finn og trykk på installasjonsalternativet:
    • I Chrome eller Firefox: Velg 'Legg til på startsiden' eller 'Legg til på startskjermen'.
    • I Microsoft Edge: Velg 'Legg til på telefon'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.