Den unge Michelsen – på veg mot makt
Ei heilt ny teaterframsyning på Gamlehaugen Premiere 10. juni 2026
Før han blei statsminister
Før 1905.
Før unionsoppløysinga.
Før han hamna på ein 21 meter høg sokkel.
Kven var Christian Michelsen før han blei ein av dei mest sentrale politikarane i norsk historie?
I framsyninga Den unge Michelsen – på veg mot makt blir publikum inviterte inn i ein teaterleik om mennesket bak den historiske skikkelsen. På Gamlehaugen, Michelsen sitt eige heim, trer vi inn i vala som førte den borgarlege rikmannssonen opp på makta sine tindar.
Eit dramatisk liv
På vegen mot makt møter Michelsen både:
• Motgang
• Kjærleik
• Framsteg
Gjennom ei intens og nær teateroppleving følgjer vi han frå oppvekst i Bergen, via studiar og næringsliv, og inn i politikken – fram til terskelen av det som skulle gjere han historisk.
To skodespelarar ber framsyninga
Den eine er Michelsen, den andre er alle dei som stod han nær: familie, vener, politiske allierte og fiendar. Saman utforskar dei eit dramatisk liv – frå oppvekst i Bergen, via studiar, næringsliv og politisk inngang, fram til terskelen av det som skulle gjere han historisk.
Sigmund Njøs Hovind
er den eine skodespelaren (Michelsen. Sigmund spelar òg i Mordet på Michelsen, både i 2025 og i år).