Tilbake
Bilde for arrangement Amerikabreva
Teater/Musikal

Amerikabreva

Cornerteateret, Bergen
195 - 350 NOK

Om arrangementet

AMERIKABREVA Ei framsyning av Lene Therese Teigen Med Oda Alisøy og Kjetil Alisøy Søvig AMERIKABREVA tek til som eit foredrag om unge kvinner som utvandra frå Noreg til Amerika. Men når ein gammal Amerikakoffert brått dukkar opp, tek forteljinga ei ny vending. Eit funn av brev og minne opnar ei personleg historie der Oda sine eigne slektsrøter vev seg saman med skjebnene til dei mange kvinnene som kryssa havet – med mot, lengt og draumar om eit nytt liv. Framsyninga byggjer på verkelege menneske og livshistorier, men nyttar òg diktning for å skape eit levande og heilskapleg bilete av utvandringa. Her møtest sanning og fiksjon i ei gripande forteljing om oppbrot, håp og identitet – som òg kastar lys over vår eiga tid, der menneske framleis er på vandring. Gjennom historia til syskenparet på scena, og forteljingane om deira eigne slektningar, får vi eit nært møte med ei viktig del av norsk historie – og dei menneska som levde henne. Kunstnarleg lag Scenetekst, regi og visuell design: Lene Therese Teigen Medskapande skodespelar og produsent: Oda Alisøy Komponist/lyddesignar, arrangør, musikar og utøvar: Kjetil Alisøy Søvig Produksjon: Aldeles Alisøy Foto: David Zadig Rekvisittør: Ada Hesjevoll På telefon frå Chicago: Rene Fulton AMERIKABREVA er produsert av Aldeles Alisøy i samarbeid med Teater Vestland, på oppdrag frå Vestland fylkeskommune i samband med Utvandrarjubileet 2025. Framsyninga er støtta av Vestland fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, PreForm, Stiftelsen Fritt Ord og Fond for frilansere. Tags: teater, forestilling, cornerteateret, bergen, kultur, kunst, opplevelse, cornerbaren, musikk, amerikabreva, lene therese teigen, oda alisøy, kjetil alisøy søvig

Lokasjon

Adresse: Kong Christian Fredriks plass 4, 5006 Bergen

Installer på mobil
For iOS-brukere

For å installere appen på iPhone eller iPad:

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Gå til øvre høyre hjørne (Chrome) eller bunnen (Safari) av nettleseren og trykk på delingsikonet ().
  3. I menyen som vises, bla ned og trykk på 'Legg til på Hjem-skjerm'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.
For Android-brukere

For å installere appen på enheten din (Chrome, Firefox eller Microsoft Edge):

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Trykk på nettleserens menyikon:
    • I Chrome eller Firefox: Trykk på de tre vertikale prikkene () i øvre høyre hjørne.
    • I Microsoft Edge: Trykk på menyikonet () i nedre høyre hjørne.
  3. I menyen som vises, finn og trykk på installasjonsalternativet:
    • I Chrome eller Firefox: Velg 'Legg til på startsiden' eller 'Legg til på startskjermen'.
    • I Microsoft Edge: Velg 'Legg til på telefon'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.