22. juli - Vestland - Premiere
"Teater/Musikal" på Det Vestnorske Teateret
Beskrivelse
22. juli - Vestland Dei var på leir for å forandre verda. Dei kom aldri heim. Femten år etter fortel vi historia om dei seks ungdommane frå Vestland som vart drepne på Utøya. Seks liv. Seks forteljingar. Dei heitte Kevin, Hanne Kristine, Silje, Monica, Tarald og Tore. Dei var mellom 15 og 21 år gamle – og dei blei drept fordi dei trudde på demokrati og ei likestilt verd. I 2026 er det femten år sidan terrorangrepet. Dei som vart fødde i 2011 – same året som tragedien – er no like gamle som den yngste av dei drepne. Korleis ser 22. juli ut for dei som er 15 år i dag? Korleis snakkar dei om det som skjedde – og kva hugsar dei som var der? Kva er det vi eigentleg skal hugse? Vi seier ofte at vi aldri må gløyme 22. juli. Men kva er det vi eigentleg skal hugse? Er det enkeltmenneska som vart råka? Samhaldet? Rosetoga? Eller det politiske hatet som låg bak? 22. juli – Vestland prøver å finne svar – og å fortelje historia om 22. juli på nytt, for ein ny generasjon. Ei forteljing som minner oss om at det som skjedde, ikkje var tilfeldig. Det var ei målretta, politisk handling som tok livet av 69 menneske på Utøya. Ei framsyning med personlege vitnesbyrd Foreldra til dei drepne ungdommane har delt forteljingane sine – om tida før 22.juli, om sjølve dagen, og om dagane som følgde. Gjennom tre skodespelarar, lyd, lys og enkle sceniske verkemiddel får desse forteljingane liv på scenen. Frå ungdomleg engasjement og draumar om framtida, til den dagen alt stoppa opp. 22. juli – Vestland tek oss med på ei reise frå håp til tap, frå fellesskap til stillheit. Resultatet er ei sterk og varsam framsyning – utan sjokk, men med ærlighet, nærleik og djup respekt. Ei framsyning som gjer vondt å sjå, men godt å hugse. Femten år etter: Kva fortel vi vidare? 22. juli – Vestland handlar om dei som døydde, dei som lever vidare med tapet – og kva vi andre vel å hugse.
Lokasjon
Adresse: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen